Reisebrev Romjulstur til Smalberget

DNT Finnskogen og Omegn har vært så heldig å få dette reisebrevet fra Arild K. som besøkte Smalberget i romjula. En tur det står respekt av!

Planen:

Køyre bil over te Finnskogen i lag med Ida, husky’en. 

Gå fra Haldammen via Smalberget til Flisberget og attende...

Turen vart litt annleis:

Drivakslingen på bilen min brakk. Så eg måtte ta toget fyste juledag over te Oslo og var så heldig å få fortsette turen vidare i lag med Sivert, min gode turvenn frå Tigerstaden. Med bilen hans kom me oss til Gravberget og fekk parkere der andre juledag. 

Det vart utruleg tunge kilometere i tung og djup snø frå Gravberget. ENDELEG kom me fram te Øvre Smalbergetkoia! Me va HEILT pest og kauka og hoia, så letta va me over å få sjå hytta i mørkret mellom trea! Eg hadde fått problem med sena som løfter venstrefoten og fekk ta det med ro dagen etter. Eg hadde lagt inn Smalberget på GPS’en og me virra rundt nede ved myra i nattemørkret, heilt te eg sjekka DNT sin SjekkUt-app, og der står det at koia ligg ved ØVRE Smalberget! Tusen takk, DNT!

For ei nydelig koie og stemning! 

Me droppa å gå til neste hytte Flisberget, den va utanfor rekkevidde under desse tilhøva. MASSE nysnø, og eigentleg heilt uframkommeleg på ski! Me søkk nedi til låra med skia på! Truger!

Sivert har gått med tung pulk, Ida Husky i sele foran, og eg framst til å trakka spor. Eg drog pulken ei stund og veit kor tungt det var. Sivert har brukt umenneskelege krefter i djupsnøen i dag, i sju lange timar. Ida har vore kjempesnill, og ho og han fann tonen etter kvart, slik at ho drog litt ho og. Ida gøymte seg plutseleg bak Sivert i svarte skauen like før me fann hytta, og jaudå, der va fleire ferske elgspor. Det snødde tjukt, og ikkje eit snøfnugg på spora, så elgane va nær oss. 

Kveld dag 1:

No har me fyrt i ovnen og ete og drukke og Sivert har slukna i køya, Ida søv på golvet. Ute snør det tett. Her e det tyst no, og eg e takksam for at me kom fram, at me slapp å sova i teltet, at omnen varmar og at freden senker seg. Gler meg te å berre kvile her i morgon. 

Me var tydelegvis utslitt etter i går og sov i tolv timar! Høyrt på maken?!

Sivert e hyper no og lyt ta seg ein tur med Ida etter frukost! Eg har berre vore i ro i dag, og dei to har vore rundt i skauen.


Skyane lettar i takt med at mørkret no fell på, og der e Månen og dei fyste stjernene. 

Me tok ein tur, fann tørre greiner og laga bål i skogkanten vest for koia. Så fekk eg oppleva vinterdraumen; stjernenatt og bålkos til glørne slukna. 


Godt å kunne legge seg i mjuke senger. 

Sivert e tøffare enn forståeleg; han sov heile lange natt te idag rett på den harde brisken, utan madrass! - Tenkte ikkje på madrass, eg, sa han... Eg sjølv hadde trengt fysikalsk behandling etter å ha ligget så hardt! 


Me et ein solid frukost og e forberedt på å bruke kreftene våre på å koma oss attende te bilen ved Gravberget. Det har falt ytterlegare masse nysnø. 


Sivert e sterk som ei maskin. Han må ha hydraulikkolje, ikkje blod, i armar og bein! Det e enormt tungt å bakse seg fram i så djup snø. Me søkk nedi te låra med ski på beina og pulken han dreg e tung å flytta på. 

Det e magisk vakkert langs myrane og skogen med den tunge snøen på trea. Siste delen av turen går i mørkret. Etter sju timar med sveitte og puls, kjem me inn på vegen. Plutseleg e alt lett! Me kan gli! Hoho!

Etter ein halv time med spaden ved den innsnødde bilen, er me på veg mot byen. Finnskogen frister til gjensyn, men då i opptrakka spor!